This is some text inside of a div block.

Fiskebåtar møter mange problem når dei skal levere avfall i hamnene. Dette trass i at det har gått eit år sidan hamnene skulle ha på plass ei ordning for tilfredsstillande avfallsmottak.

Ordninga tok til å gjelde for norske hamner frå 1. oktober 2023. Målet er å redusere avfall i havet, og kravet er alle fartøy, inkludert fiskefartøy, skal kunne levere sortert avfall og oppfiska avfall i alle hamner mot at dei betalar eit avfallsgebyr. Ordninga kom i stand etter at EU i 2019 vedtok eit skipsavfallsdirektiv.

Etter direktivet skal alle hamner utarbeide ein avfallsplan som Statsforvaltaren skal godkjenne og føre tilsyn med. Men eit år etter er det altså mange hamner som ikkje har noko system for å ta i mot avfall frå fartøya.

Fiskebåt har difor saman med Norges Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Nord Fiskarlag, skrive eit brev til Klima- og miljødepartementet og Energi- miljøkomiteen på stortinget, der det blir oppmoda om å dette inn i statsbudsjettet for neste år. Skal det bli ei løysing på problemet, bør dette inn i dei årlege tildelingsbreva til Statsforvaltaren og Miljødirektoratet, heiter det i brevet.

Her kan du lese brevet.

Nyheter