Fiskebåt arbeider for å ivareta fiskarane sine interesser innafor fleire område både nasjonalt og globalt. Praktisk talt alle fiskeslag vi fiskar på, blir forvalta saman med andre nasjonar. Vi brukar difor mykje tid på følgande område;
- Avtalar med andre land om reguleringar og fiske i internasjonalt farvatn.
- Nasjonale reguleringar av fisket.
- Næringsøkonomiske saker (skattar og avgifter osv.)
- Rekruttering til yrka innan den havgåande fiskeflåten
- Fornying av fiskeflåten
- Forsking- og utvikling av næringa
- Tarifforhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane (Norsk Sjømannsforbund, Det norske maskinistforbund og Norsk Sjøoffisersforbund)
- Yte hjelp til medlemmane i enkeltsaker, både næringspolitisk og som arbeidsgivar.
Den havgåande fiskeflåten består av 331 fartøy (Kilde: Fiskeridirektoratet/2022). Dei viktigaste gruppene er ringnotfartøy, sei- og torsketrålarar, garn- og linefartøy, reketrålarar og pelagiske trålarar. I tillegg utgjer gruppa Stor kyst ein vesentleg del av medlemsmassen i Fiskebåt. I Norge er det om lag 10 000 personar som hentar hovudinntekta si frå fiske. Av desse arbeider over 4000 i havfiskeflåten. Den havgåande fiskeflåten står for vel 70 prosent av førstehandsverdien av fangstar som norske fiskefartøy bringer på land.
Sjå meir informasjon på vår kampanjeside
Få næringer har vokse meir enn sjømatnæringa dei siste ti-åra. Eksporten i 2023 landa på 172 milliardar kroner, og det blei eksportert norsk sjømat til 153 land. Verdiskapinga i sjømatnæringa er mangedobla dei siste åra. Det kjem fram i den årlege ringverknadsnalysen til FHF, som er utarbeida av Nofima, Norce og Menon.
Verdiskaping og ringvirkninger fra fiskeflåten i 2021 (PDF)
Den havgåande fiskeflåten skapar verdiar for 32,8 milliardar kroner kvart år og sørger for sysselsetting av 21 000 årsverk. Driftsmarginen i flåten har auka med 5-6 prosent årleg på starten av 1980-talet til eit gjennomsnitt på rundt 20 prosent dei siste åra. Det kjem fram i Rapporten frå SINTEF- Ocean.
SINTEF-rapport: Økonomisk betydning av norsk havgående fiskeflåte
Så godt som alle fiskeslag som blir beskatta av den havgåande fiskeflåten er regulert ved kvotar. I tillegg er fangstkapasiteten styrt gjennom konsesjonssystemet og adgangsreguleringer. Kvotane blir fastsette etter råd frå havforskarane, og Kystvakta kontrollerer at fisket følgjer gjeldande lovverk
Bli med Kystvakta på inspeksjon om bord i eit norsk fiskefartøy (video).
Havfiskeria blir drive heile året, noko som inneber at den havgåande fiskeflåten spreier aktiviteten utover året, med sikte på å halde fartøya i drift så mange dagar som kvotane gir rom for. Den havgåande fiskeflåten er ikkje prisgitt korleis fisken vandrar i same grad som kystflåten. Mange fiskeslag vandrar heller ikkje inn til kysten for å gyte, slik at kystflåten kan fiske den.
Den havgåande fiskeflåten er dermed garantist for å sikre den norske foredlingsindustrien stabil og kontinuerleg tilførsel av råstoff. Dei fleste av mannskapa i den havgåande fiskeflåten er busette i distrikts-Norge, og er på den måten viktige bidragsytarar til å sikre busetting og sysselsetting langs heile norskekysten.
Den norske havfiskeflåten er blant verdas fremste innan fiskeriteknologi og fartøyutforming. Denne utviklinga har skjedd i nært samarbeid mellom reiarlaga, skipskonsulentane, utstyrsleverandørane og verftsindustrien. I kraft av si rolle som krevande kunde har reiarane medverka til å bringe den norske maritime industrien opp i eliteserien. Utan ei vidare fornying og utvikling av den norske fiskeflåten, vil norsk maritim industri miste eit av sine viktigaste konkurransefortrinn.
Den havgåande fiskeflåten fiskar i alle delar av den norske økonomiske sonen, i Jan Mayen sonen, rundt Svalbard, i russisk sone, ved Island, Grønland, i EU-sona og Færøyane si økonomiske sone og i øvrige delar av Nordsjøen, i tillegg til internasjonale havområde i Norskehavet, midt-Atlanterhavet og det nordvestlege Atlanterhav. Alt fiske er regulert gjennom internasjonale avtalar.
Gjennom sin mobilitet og fangstevne skaffar den havgåande fiskeflåten råstoffverdiar til Norge for milliardverdiar årleg, og legg grunnlaget for fleirdobla verdiskaping gjennom foredling og eksport. Den havgåande fiskeflåten er ryggraden i norsk fiskerinæring, og har evne til å auke Norge si avkastning av fiskeria ytterlegare.