This is some text inside of a div block.

Fiskebåt har gitt innspel til arbeidet med statsbudsjettet for 2026. Eit av punkta er å styrke budsjettet til Havforskingsinstituttet.

I innpelsbrevet blir det vist til at kostnadane til forskingstokt har auka vesentleg meir enn den generelle prisauken i samfunnet dei siste åra. Dette gjeld både for Havforskingsinstituttet (HI) sine eigne fartøy og innleigde fartøy. For 2025 er budsjettet til HI berre prisjustert, noko som fører til redusert toktaktivitet.

I tillegg til kostnadsauken vil HI truleg også få redusert sitt budsjett som følgje av reduserte inntekter frå fiskeriforskingsavgifta, som blir innbetalt av fiskefartøya. Denne blir redusert som følgje av reduserte kvotar og dermed lågare førstehandsverdi. Til saman risikerer ein at dette fører sterkt redusert aktivitet, noko som er svært uheldig, skriv Fiskebåt i brevet som er sendt til relevante mottakarar i regjeringa.

Sjølv om vi no berre er i starten på 2025, så er det no regjeringa byrjar å legge føringar for budsjettet i 2026. Det er difor viktig at Fiskebåt er tidleg på banen med synspunkt og innspel som vi meiner bør inngå i budsjettet for 2026.

Klimaavgifter

Ei anna viktig sak for fiskeflåten er kompensasjonsordninga for CO2-avgift. Norge deler 90 prosent av fiskebestandane med andre land, og for Fiskebåt er det difor viktig at den norske fiskeflåten har så like konkurransevilkår som mogleg, dei bestandane som vi deler og konkurrerer med andre land om.

Fiskebåt har saman med dei andre partane i Biomarint forum jobba aktivt med å få på plass eit maritimt klimapartnarskap med regjeringa. I det samarbeidet er kompensasjonsordninga eit viktig verkemiddel.

Fiske i fjerne farvatn

Fiskebåt har også jobba mykje med avgiftene i samband med fiske i såkalla fjerne farvatn. Her har stortinget vedtatt at det skal vere ei CO2-avgift på 93 øre per liter, som er 25 prosent av den generelle CO2-avgifta. Fiskebåt meiner at det er svært liten effekt å innføre særnorske avgifter for mineraloljeprodukt som er levert til fiske i fjerne farvatn og utanriksfart, då det vil føre til at både norske og utanlandske fartøy vil bunkre i utanlandske hamner. Dermed kan tiltaket føre til auka utslepp av klimagassar. Fiskebåt meiner difor at desse avgiftene bør suspenderast inntil det kjem på plass ein internasjonal avtale om dette.

Støtte til batteriinvisteringar

Fiskebåt tar også til orde for at Enova sitt budsjett bør øyremerkast med midlar til investeringar i batteriløysingar på fiskefartøy og investeringar i ladeinfrastruktur i fiskerihamner.

Vidare går Fiskebåt inn for å ei vidareføring av NOx-fondet og viser til at omleggging til gassdrift på kort sikt kan vere mest realistisk for å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten. Båtar som er bygd for å gå på fossilt LNG kan også nytte seg av biogass, så sant det er tilgjengeleg. I brevet blir det samtidig påpeika at det ikkje eksisterer nokon lettivnte løysingar for fiskeflåten, og at det fort kan bli snakk om store utbyggingar/investeringar.

Det er allereie innført eit omsetningskrav for at det skal vere seks prosent biodiesel, og det er varsla at dette skal auke til 18 prosent innan 2030. På kort sikt er dette også eit tiltak som kan gi ein viss effekt.

Omlegging til nye energiberarar som metanol, ammoniakk eller hydrogen, vil kreve store investeringar i reiarlaga. Fiskebåt meiner difor at fiskeflåten bør innlemmast i rederiskattordninga, eller at det alternativt bør etablerast skattefrie fondsavsetningar til miljøtiltak i fiskarreiarlaga.

Nyheter