Når det leggast nye kablar i Nordsjøen, må tiltakshavar også legge fram ein plan for opprydding og fjerning av kabelen, når den ikkje lenger er i bruk. Det skriv Fiskebåt i eit høyringssvar til Norges vassdrags- og energidirektorat.
Høyringssaka gjeld straum frå land til petroleumsfelta i Tampen. I dokumenta står det ingen ting om kva planar tiltakshavar har for å rydde og fjerne straumkabelen etter at den ikkje lenger trengs, og heller ikkje noko om finansiering av ei slik avvikling. Fiskebåt er skeptisk til at dette ikkje er med i planane, då Nordsjøen allereie i dag er full av forlatte kablar og røyrleidningar på havbotnen, og det er planlagt å kome langt fleire.
Ei anna utfordring med slike straumkablar er kva trasè dei vel å legge kabelen i, og om dette kjem i konflikt med fiskeriinteressene. Fiskebåt meiner difor at det må iverksettast gode avbøtande tiltak for å sikre at botntråling i området kan halde fram utan at det er fare for skade på fiskeutstyret eller kabelen. Fiskebåt forventar difor at tiltakshavar grev ned eller dekker til sjøkabelen for å sikre at ein kan fisk med botnreiskapar.
Her kan du lese heile høyringssvaret.