This is some text inside of a div block.

Sjømat må få større plass i regjeringa si stortingsmeldding om totalberedskapen. Norge er verdas nest største produsent av sjømat, og det framstår difor som underleg at ikkje sjømaten har fått større plass i meldinga, meiner Fiskebåt.


I dag gjennomfører Justiskomiteen ei muntleg høyring rundt regjeringa sitt forslag om totalberedskapen, der Fiskebåt legg fram våre synspunkt.

- Det er nesten å halde befolkninga for narr at ikkje fiskeri- og sjømat er via større merksemd i Totalberedskapsmeldinga, seier Jørn Prangerød, samfunnskontakt i Fiskebåt.

Prangerød viser til at Norge er verdas nest største produsent av sjømat etter Kina, og at difor er naturleg at sjømat inngår som ein vesentleg del av matvareberedskapen.

Her kan du lese Fiskebåt sitt innspel til Justiskomiteen.