This is some text inside of a div block.

Denne veka er det One Ocean Week i Bergen med mykje spennande på programmet. Her kan du lese om eit par arrangement som Havforskingsinstituttet står bak.

Sjå Nordsjøen med andre auge

Tid: onsdag 9. april kl. 15.30-18.00
Stad: Vestlandssalen i Vestalandshuset; Lars Hilles gate 22

«Alle» kjenner Nordsjøen, eller? 

Filmen North Sea – Nature Untamed gir eit innblikk i den ville Nordsjø-naturen. Og akkurat her er det mange sektorar som no konkurrerer om plassen.

Ein kortversjon av filmen dannar bakteppet, HI-forskar Johanna Myrseth Aarflot deltar i panelet som tek diskusjonen vidare. 

Meir info her: Nordsjøen – bærekraftens kår i et av verdens travleste havområder (føregår på engelsk). 

Påmelding påkravdRegistrer deg her
 
 
Fiskebestandane før og no: Frå nostalgisk kystkultur til dagens realitetar

Tid: torsdag 10. april 14.15-16.00 
Stad: Storsalen, Nygårdsgaten 5

Er du glad i film, fisk og forsking? Då er dette arrangementet for deg.

Her får du både sjå utdrag frå den komande filmen «Havfolket – en kjærlighetserklæring til kystfolket» og ta del i diskusjonane om korleis det eigentleg står til med fiskebestandane våre.

Arrangementet er leia av mangeårig fiskeribladjournalist Kjersti Sandvik.    
* Geir Huse, forskningsdirektør for marine økosystemer og ressurser på Havforskningsinstituttet
* Katja Enberg, professor på UiB og nestleder for Institutt for biovitenskap 
* Kristian Sandtorv, fiskebåtreder og styreleder i Pelagisk forening
 
Meir info her: Fiskebestander før og nå: Fra nostalgisk kystkultur til dagens realiteter

Nyheter
No items found.