This is some text inside of a div block.

I juli blei det eksportert 9260 tonn makrell til ein verdi av 220 millionar kroner. Ein auke i volum på 39 prosent.

Verdien auka med 50 prosent, eller 74 millionar kroner i forhold til juli 2023, melder Norges sjømatråd.

Egypt, Nederland og Vietnam var dei største marknadene for makrell i juli. Ifølge Jan Eirik Johnsen i Norges sjømatråd har det vore god etterspurnad etter norsk sommarmakrell, blant anna som eit resultat av at Island og Færøyane starta sitt makrellfiske seinare enn vanleg, og at det islandske fisket ligg godt bak fjoråret.

Samla enda eksporten av norsk sjømat på 13 milliardar kroner i juli, som er ein auke på 727 millionar, eller seks prosent, samanlikna med juli i 2023. Årsaka bak verdiauken er ei svekka norsk krone mot både euro og dollar, ifølge Sjømatrådet.

Du kan lese heile marknadsmeldinga frå Norges sjømatråd her.

Nyheter