Norge og Russland har blitt einige om ny kvoteavtale for Barentshavet. - Det er bra at vi har fått på plass ein avtale. Det er viktig både for fiskebestandane og forvaltninga at partane er samde om kvoteuttak og forvaltningssamarbeid i Barentshavet, seier styreleiar i Fiskebåt, Christian Halstensen.
Forskarane ga råd om å redusere torskekvota for neste år med 31 prosent, og tilsvarande ein reduksjon på 24 prosent for hyse. Dette er det lågaste kvoterådet sidan 2003.
Partane har no blitt einige om å redusere kvota for torsk med 25 prosent frå årets kvote. Kvotane er difor litt over det nivået som forskarane har tilrådd.
- Kvotane er innafor ei berekraftig forvaltning av bestandane. Det er viktig at vi har god kontroll på uttaket av torsk, hyse og blåkveite i Barentshavet, slik at bestandane kan ta seg opp att og kvotane kan auke igjen, seier Halstensen.
Halstensen peikar også på at det er viktig at Norge og Russland har ein avtale om fiskeressursane i Barentshavet.
- Norge og Russland sitt fiskerisamarbeid har fungert gjennom den kalde krigen, og det fungerer også no, sjølv om Russland er i krig i Ukraina. Det er viktig at vi greier å bli samde om forvaltninga av dei verdifulle fiskeressursane i Barentshavet, sjølv om det er konfliktar andre stader, seier Halstensen.
Her kan du lese meir om avtalen som er inngått.