Kokkar og mat-influensarar frå heile verda, spesialiserte på klippfisk, fekk i dag kome om bord i trålaren Havbryn i Ålesund.
Trålaren var så vidt innom heimbyen for mannskapsbyte og klargjering for ny tur. Denne gongen til Flemisch Kapp utafor den kanadiske aust-kysten, der dei skal fiske torsk dei neste vekene. Om bord fekk gjestane innhaldsrik omvising av dagleg leiar i Havbryn AS, Astrid Strand og skipper på Havbryn, Kjell Inge Haram.
Kokkane, influensarane og nokre utvalde journalistar er på eit tre-dagar langt Ålesundsbesøk. I tillegg til besøket om bord i Havbryn, skal dei delta på eit klippfiskseminar og ein work shop ved Atlanterhavsparken.
Hovudfokuset er på bacalao og deltakarane kjem frå Kongo, Portugal, Mexico, Dominikanske Republikk, Jamaica og Brasil. I etterkant av work shopen blir det felles middag på Atlanterhavsparken, der deltakarane får smake på forskjellige spesialitetar frå dei representative landa.



