This is some text inside of a div block.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) lova at det framleis skal vere ei gode ordningar for å kompensere klimaavgifter for fiskeflåten, då ho talte til årsmøtet til Fiskebåt.

- Vi skal vere i front med grøn omstilling også for fiskeflåten, men eg forstår at her er både utfordringar og barrierar. Difor må vi ha gode kompensasjonsordningar for fiskeflåten i ein overgangsperiode, sa Næss.

Næss viste også til at regjeringa i desember inngikk ein klimapartnarskapsavtale med fiskerinæringa.

I talen sin var ho også innom utfordringane som det internasjonale samfunnet står overfor i handelspolitikken.

- Vi står overfor ein ny kvardag der vi ikkje veit korleis USA med Trump sine tollmurar vil påverke norsk eksport.

Følg årsmøtet direkte her.

Nyheter