This is some text inside of a div block.

Styreleiar Christian Halstensen blei gjenvalt for et nytt år som styreleiar i Fiskebåt. Styret blei utvida med ein representant.

William Rabben frå Koltveit kom inn som ny i styret som erstattar for Per William Lie som ga seg etter åtte år. Tor-Gunnar Kransvik (Svolvær) går fra å vere fast møtende første vara til å bli ordinært styremedlem. Ny første vara, og fast møtande i styret blei Markus Nygård frå Midsund.

Det nye styret i Fiskebåt har desse representane:

  • Christian Strand Halstensen (leiar)
  • Janne Grethe Strand Aasnæs
  • Kjetil Holmeset
  • Helge Olav Vikshåland
  • William Rabben
  • Carl Aamodt
  • Eldar Farstad
  • Ivar Andreassen
  • Sigvald Berntsen
  • Kristin Remøy
  • Tor-Gunnar Kransvik

Årsmøtet i Fiskebåt oppnevnte også landsstyrerepresentantar til Norges Fiskarlag for perioden 2025/2027.

Landsstyret blir valt på Landsmøtet i Fiskarlaget i november.

Fram til no har Fiskebåt hatt fire av 14 styremedlemmar i Fiskarlaget sitt øvste organ. Årsmøtet oppnevnte i tråd med avklaringane i medlemslaga om tredeling av makt og representasjonen i Fiskarlaget sin femte representant til Landsstyret.

Det er Svein Roger Karlsen frå Skjærvøy som er oppnevnt. Dei fire andre blei gjenvalt.

Fiskebåt sine kandidatar til landsstyret er då:

  • Siv Madsen
  • Jan Roger Lerbukt
  • Paul Harald Leinebø
  • Anders Klovning
  • Svein Roger Karlsen

Nyheter