Fiskebåt stiller seg undrande til praksisen som gjeld i forhold til stenging og opning av fiskefelt. Fiskebåt meiner at stengte seinotfelt bør opnast automatisk ved kvart årsskifte, og heller lukkast igjen viss det er behov for det.
Slike behov kan vere at storleiken på fisken ikkje er innafor lovleg storleik, eller at det er for høg innblanding av bifangst. Slik informasjon vil kunne hentast inn fortløpande via kontroll av fartøy på feltet, eller ved kontroll av sluttsetlar, skriv Fiskebåt i eit brev til Fiskeridirektoratet.
Fiskebåt ber difor Fiskeridirektoratet om å ta ein gjennomgang av stengde seinotfelt, og vidare endre dagens praksis i forhold til stenging og opning.
I brevet blir det vist til at enkelte område har vore stengt i om lag 10 år, og at det dermed er grunnlag for å reise spørsmål om det framleis er behov for stenging.
Til dømes blei følgande fiskefelt stengt 10. august 2015; Andfjorden i Troms, Helgøy i Tromsavgrenset, Fruholmen i Vest-Finnmark, Storegrunnen i Vest-Finnmark, Knivskjelbukta, Lafjorden og Magerøysundet ved Magerøya.
I tillegg til desse felta er det ytterlegare område som er stengt i tida etter.