This is some text inside of a div block.

- Fiskeridirektoratet følgjer ikkje opp stortingsvedtaket i samband med nye eigarskapsreglar. Vidare er høyringsdokumentet mangelfullt utgreia, og må difor trekkast tilbake, meiner Fiskebåt.


Høyringa frå Fiskeridirektoratet som omhandlar ny deltakarforskrift frå 2025 er ei oppfølging av stortinget si behandling av avgrensingar i eigarskap i kystflåten, som var ein del av kvotemeldinga.

Både næring, forvaltning og politiske styresmakter har vore einige om at det bør innførast reglar som avgrensar eigarskap i kystflåten. I havfiskeflåten har det vore slike reglar i fleire år.

Ifølge Fiskeridirektoratet er det på personnivå kun ein eigar som overskrid grensene, medan det på selskapsnivå er fleire. Direktoratet legg opp til at dei dette gjeld må selge seg ned eller gjere endringar på eigarsida innan 31.12.2025. Dette meiner Fiskebåt er alt for kort frist.

- Det er verken enkelt eller uproblematisk å omstrukturere seg. Fiskeridirektoratet har difor ikkje sett seg inn i, eller greia ut kva for konsekvensar den korte fristen har for dei aktørane som no blir tvunge til å selge eller omstrukturere på eigarsida, skriv Fiskebåt i høyringssvaret.

Fiskebåt skriv vidare i høyringssvaret at høyringa i bryt med grunnlova. Det eine er at direktoratet ikkje følgjer opp Stortinget sitt vedtak, men legg opp til ny behandling av forhold som allereie er politisk avgjort. Dette er eit brot på legalitetsprinsippet, og såleis grunnlova § 49. Vidare skriv Fiskebåt at forslaget til ny overgangsregel bryt med forbodet mot å gi reglar tilbakevirknde kraft, som blir omtalt i grunnlova § 97. Fiskebåt meiner difor at høyringsdokumentet må trekkast tilbake.

Her kan du lese heile høyringssvaret frå Fiskebåt.

Nyheter