Fiskeridirektoratet gjennomfører oppreinsking etter tapte fiskereiskap i år også. Toktet startar utafor Ålesund 7. august med M/S Vikingbank.
- Toktet i 2024 er noko redusert og det vil ikkje bli gjennomført oppreinsking etter snøkrabbeteiner. Det vil heller ikkje blir gjort oppreinsking i Aust-Finnmark, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
I Vårt eige fartøy «Fjorgyn» vil dekke Aust-Finnmark, vil direktoratet bruke sitt eige fartøy, Fjorgyn, i ryddinga.
Stor kapasitet
Det er tredje året at Fiskebåt-medlem, M/S Vikingbank, gjennomfører dette toktet. Fartøy og mannskap representerer ein stor oppreinskingskapasitet, gjennom erfaring, god lagerplass og utrustning.
– Gjennom oppreinskingstoktet blir det arbeidd døgnet rundt under tilnærma alle vêrforhold. Så langt det lar seg gjere vil vi prøve å levere tilbake funn, så lenge dette ikkje påverkar framdrifta i nemneverdig grad, seier seniorrådgjevar Gjermund Langedal i miljøseksjonen i Fiskeridirektoratet.
Meld frå
Langedal minner om at tap av fiskereiskap skal meldast dersom ein sjølv ikkje finn igjen fiskereiskapen med eigne gjenfinningsforsøk.
- Dersom du planlegg eigne gjenfinningsforsøk «seinare», så meld reiskapen tapt først. Då unngår du at andre fiskarar set seg fast i ditt tapte reiskap. Dette gjeld for alle fiskeri, men er særleg viktig med tanke på den høge aktiviteten på blåkveitefeltet i år. For å utnytte oppreinskingskapasiteten best mogleg, er det viktig å hugse å melde frå om alle tapte fiskereiskap gjennom Barentswatch. Dersom dette ikkje lar seg gjere; ta direkte kontakt med Fiskeridirektoratet, oppmodar Langedal.