This is some text inside of a div block.

Å byte ut ei stålrist med nettlin i fisket etter augepål har god effekt, og kan også brukast i anna pelagisk fiske. Det kjem fram i ein ny FHF-rapport.

I dag er påbod om å bruke ei sorteringsrist i stål i fisket etter augepål. Dette for å sortere ut uønska bifangst. No viser det seg at ein såkalla excluder laga av lin kan fungere mykje betre enn stålrista.

-  Det er ein del utfordringar med å bruke stålrista som vi er pålagt å bruke i dag. Den blir lett øydelagt når vi tromlar inn trålen. Den er tung og er rett og slett vanskeleg å handtere. Med denne lin-excluderen blir arbeidet mykje enklare, samtidig som bifangsten blir fasa uskadd ut.

Grundig testing

Det seier Helge Olav Vikshåland som eig den pelagiske trålaren Cetus. Gjennom to tokt har dei vore med å teste ut den nye reiskapen saman med Egersund Trål og med representantar frå Havforskingsinstituttet. Prosjektet er delvis finansiert av FHF (Fiskeri- og habruksnæringens forkningsfinansiering) og Fiskeridirektoratet.

Etter testing i tank på land, har det blitt gjennomført to tokt der ein har prøvd ut reiskapen i praksis.

Cetus lastar om bod utstyr før toktet. Foto: Wenche Vigrestad Hadland/Egersund Trål.

- Vi har dobbeltrål, slik at vi kunne køyre både ein vanleg trål og forsøkstrålen samtidig. På den måten fekk vi ein referansetrål slik at vi kunne samanlikne fangstoperasjonane, seier Vikshåland.

Kan ha nytte i fleire fiskeri

Han meiner den nye reiskapen også kan ha stor nytte i andre fiskeri.

- Ja, absolutt. Uønska bifangst er ei utfordring i mange typar fiskeri, så dette er nok ein metode som kan utviklast vidare til også andre fiskeri, seier Vikshåland.

I fisket etter augepål er det særleg innblanding av kvitfisk  som er hovudproblemet. Blir det for stor innblanding av bifangst, risikerer ein at fiskefelta blir stengde. Målet med prosjektet har difor vore å utvikle eit seleksjonssystem som er betre enn dagens sorteringsrist for å redusere uønska bifangst.

Fiskeridirektoratet avgjer

Augepål blir i hovudsak fiska av norske og danske fiskebåtar. Frå 2019 til 2023 har norske fartøy fiska nesten 170 000 tonn, til ein samla verdi av om lag 525 millionar kroner.

No er det opp til Fiskeridirektoratet å ta stilling til om denne nye excluderen kan takast i bruk eller ikkje.

Her kan du lese heile rapporten.

Nyheter