This is some text inside of a div block.

Det har lenge blitt jobba med å få meir kontrollert fangst av kolmule. Denne veka hadde Fiskebåt eit medlemsmøte saman med Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet der dette var tema.

Fisket etter kolmule foregår med pelagisk trål på store djup. Det har tidvis vore ei utfordring at fangstane blir for store, og dermed fare for både utstyr og at trålsekken i enkelte tilfelle blir øydelagt. Denne veka hadde Fiskebåt eit medlemsmøte saman med Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet (HI), for å oppdatere flåten på kva som skjer på feltet. Med på møtet var også, Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfinansiering (FHF) og Kystvakta.

Tekniske løysingar

Shale Rosen frå HI orienterte om eit prosjekt som dei jobbar med, der målet er å utarbeide tekniske løysingar for å redusere faren for at trålposane blir for fulle og faren for at dei blir øydelagt. Fiskarane gjer sitt beste for å hauste berekraftig, og ingen ønskar for store fangstar, både med tanke på ressursen og at det i tillegg er store kostnader viss fiskereiskapane blir øydelagt.

I dette prosjektet blir det blant anna sett på løysingar for å sikre ei kontrollert oppstiging av trålsekken, utvikling av betre system for å avgrense fangsten, og ny teknologi for å hindre farlege arbeidssituasjonar for mannskapet.

Ei anna utfordring er at kolmulefisket foregår på eit tid av året då veret ofte er dårleg. Dette gjer det gjer det vanskeleg å pumpe fangsten over til andre fartøy, og aukar difor faren for at fangst kan gå til spille.

Sjølv om det framleis er utfordringar, så har fiskarane lært korleis ein på best mogleg måte kan løyse problema. Forskinga har kome med viktige nye kunnskapar om korleis ein kan arbeide vidare med å få betre kontroll over fangstane, og dermed redusere faren for «sprenging» av trålsekken.

Kameraovervaking

På møtet blei det også orientert om at Storbritannia er i ferd med å innføre krav om kameraovervaking av fangstprosessen - Remote Electronic Monitoring (REM). Målet med dette er å avdekke ulovleg utkast av fisk. Skotland kjem til å innføre systemet på alle som fiskar etter pelagiske artar i skotsk farvatn, frå mars 2026. Etter kvart vil dette også omfatte andre fiskeri. England har eit forsøk gåande og har planar om å innføre systemet i 2028. EU har kome langt i prosessen og har planar om å innføre systemet for alle fiskeri i 2028.

Dette er noko norske fartøy også må forholde seg til, og må ha systemet på plass for å kunne få lisens. Fiskebåt vil kalle inn til eit eige medlemsmøte om REM, når spesifikasjonane og rettleiinga er klar frå skotske styresmakter.

Nyheter