Nedgang i eksportvolumet for fleire fiskeslag i februar var som venta som følge av lågare kvoter. Ein positiv trend er likevel at prisane har auka.
Storbritannia er i ei særstilling der volumet auka med ni prosent i februar og prisane auka med 46 prosent, samanlikna med februar i fjor. Totalt blei det eksportert 1 631 tonn fryst torsk til Storbritannia i februar, til en eksportverdi på 150 millionar kroner, skriv Norges sjømatråd i si oppsummering av sjømateksporten for februar.
Sjømatanalytikar Eivind Hestvik Brækkan i Norges sjømatråd, forklarar det med lågare inflasjon og noko betre lønsutvikling i Storbritannia.
Totalt eksporterte Norge 4 912 tonn fryst torsk til en verdi av 407 millionar kroner i februar. Verdien auka med 93 millionar kroner, eller 30 prosent, samanlikna med same månad i fjor.
Storbritannia, Kina og Vietnam var dei største marknadane for fryst torsk i februar.
Stort fall for fersk torsk
For fersk torsk er trenden annleis. Norge eksporterte 4 815 tonn fersk torsk til ein verdi av 398 millionar kroner i februar. Verdien fall med 65 millionar kroner, eller 14 prosent, samanlikna med same månad i fjor.
Danmark, Nederland og Spania var dei største marknadane for fersk torsk i februar.
Vekst for klippfisk
Norge eksporterte 7 090 tonn klippfisk til en verdi av 520 millionar kroner i februar. Verdien auka med 164 millionar kroner, eller 46 prosent, samanlikna med same månad i fjor. Det er ein vekst i volum på 32 prosent.
Portugal, Den dominikanske republikk og Brasil var dei største marknadane for klippfisk i februar.
Solid vekst for sild
Norge eksporterte 26 666 tonn sild til ein verdi av 504 millionar kroner i februar. Verdien auka med 180 millionar kroner, eller 56 prosent, samanlikna med same månad i fjor. Det er ein vekst i volum på 44 prosent.
Stor verdiauke for makrell
Norge eksporterte 18 067 tonn makrell til en verdi av 567 millioner kroner i februar. Verdien auka med 88 millionar kroner, eller 18 prosent, sammenlikna med februar i 2014. Samtidig fall volumet med 11 prosent.
Sør-Korea, Vietnam og Kina var de største markedene for makrell i februar.
Volumfall og sterk verdivekst for snøkrabbe
Norge eksporterte 1 923 tonn snøkrabbe til ein verdi av 473 millioner kroner i februar. Verdien auka med 188 millionar kroner, eller 66 prosent, samanlikna med samme måned i fjor. Volumet fall med 26 prosent.
USA, Danmark og Japan var de største markedene for snøkrabbe i februar.
Totalt blei det eksportert sjømat for 14,1 milliardar kroner i februar. Det er ein auke på 853 millionar kroner, eller seks prosent, samanlikna med februar 2024.
Her finn du fullstendig oversikt over eksporttala frå Norges sjømatråd.