This is some text inside of a div block.

Fiskebåt gjentar kravet om at loddefisket i Barentshavet bør lukkast. I år er det rekordmange fartøy som er påmeldt fisket, og Fiskebåt har reist spørsmål rundt om alle er eigna til å drive dette fiskeriet.

Fiskebåt har tidlegare påpeika overfor Fiskeridirektoratet at fleire fartøy truleg melder seg på fisket, utan at dei har tenkt å delta i fisket, men fordi dei ønskar å posisjonere seg med tanke på i framtidig lukking.

I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet frå Fiskebåt blir det peika på at det bør gjennomførast kontrollar av påmeldte fartøy for å sjekke om dei oppfyller krava.

Fiskebåt viser i brevet til at det krevst store investeringar i utstyr og reiskapar for at fartøyet skal vere i stand til å delta i fisket. Fiskebåt meiner vidare at loddtrekning som grunnlag for å deltaking i fiskeri er lite hensiktsmessig, og bør difor avviklast og bli erstatta av med ei meir rettferdig ordning parallelt med at det blir innført ei rulleringsordning.

Her kan du lese heile brevet frå Fiskebåt til Nærings- og fiskeridepartementet.

Les også;

- Kystflåtens loddefiske må lukkes

Oppmodar til lukking av kystflåten sitt loddefiske i Barentshavet

Nyheter