This is some text inside of a div block.

Førebels resultat frå loddetoktet ved Island gir liten grunn til optimisme. Det skriv det
islandske havforskingsinstiuttet på si heimeside.

Forskarane ved Marine and Freshwater Research Institute's (MFRI) brukar til saman fire fartøy i leitinga etter lodde. Toktet starta 16. januar, og er venta å avluttast denne veka. Dårleg ver har gitt nokre utfordringar, men har ikkje virka inn på resultata, ifølge MFRI.

Forskarane har observert vaksen lodde i eit stort område utafor austkysten. Det same har dei observert i nordvest, medan dei nesten ikkje har funne noko utafor nordkysten. Observasjonane av vaksen lodde utgjer berre om lag to tredelar av det som blei målt i september 2024.

Med atterhald om at toktet ikkje er ferdig enno, peikar resultata i retning av at forskarane vil oppretthalde dagens råd om nullfangst.

Dei endelege resultata frå toktet er venta å kome i løpet av inneverande veke.

Nyheter