This is some text inside of a div block.

Havforskingsinstituttet (HI) tilrår at totalfangsten av snøkrabbe på norsk sokkel ikkje bør overstige 12 724 tonn i 2025. Det er ein auke i forhold til kvoterådet for inneverande år.

Kvoterådet for 2024 var 10 300 tonn og aukar no altså til 12 724 tonn for 2025, skriv Havforskingsinstituttet på si heimeside.

Ifølge bestandsansvarleg Ann Merete Hjelset er bestanden i god forfatning, og større enn det forskarane trudde då dei vurderte situasjonen i 2023.

Sidan 2018 har HI gjennomført årlege tokt for å kartlegge bestandstettleiken av snøkrabbe på norsk sokkel. Desse kartleggingane har vist at det er mest krabbe i områda rundt Sentralbanken, i midten av Barentshavet, skriv HI.

Havforskarane tilrår at fredningsperioda frå 1. juli til 31. desember vert oppretthalde også i 2025. 

Endeleg snøkrabbekvote for 2025 vert fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet.

Her kan du lese hele kvoterådet fra HI.

Les også;

Foreslår økning i snøkrabbekvoten

Nyheter