Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kjem i morgon med sine innspel til kvar dei meiner det kan byggast ut vindkraft.
NVE har utarbeida rapporten på oppdrag for Olje- og energidepartementet, der dei har identifisert areal til havs tilsvarande minimum 30 GW havvindproduksjon. Dette er i tråd med regjeringa sin ambisjon om at Norge skal legge til rette areal for 30GW havvindproduksjon innan 2040.
Fiskebåt kjem til å gå grundig gjennom rapporten for å vurdere områda som er foreslått med tanke på korleis fiskeriinteressene er ivaretatt.
Fiskebåt leverte i september i fjor sine innspel til arbeidet med å identifisere nye område for vindkraft til havs.
I dette dokumentet går det fram at Fiskebåt vurderer at område som er avsett til havvind utelukkar fiskeflåten for å drive kommersiell fiskeriaktivitet. Fiskebåt meiner vidare at utbygging ikkje må vere av ein slik karakter eller omfang, at det skadar eller uroar bestandane og økosystema, eller forringer fiskerinæringa i å hauste av desse.
Fiskebåt har heile vegen vore ein pådrivar for å skaffe til vege meir kunnskap og har difor krevd at forskingsinnsatsen må prioriterast, og at føre-var-prinsippet må følgast der det er naudsynt.
Her kan du lese Fiskebåt sine innspel til NVE.