This is some text inside of a div block.
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 223 123 tonn i 2024.
Totalkvoten er likt kvoterådet frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Dette er ein liten reduksjon frå årets kvote som er på 226 794 tonn. Bestanden er godt over føre-var nivå, skriv departementet i ei pressemelding.
Sei nord for 62 gradar nord er ein norsk bestand. Noreg fastset derfor totalkvoten utan forhandlingar med andre statar.