This is some text inside of a div block.

Kyststatane Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og Storbritannia er einige om totalkvote for makrell for 2025, men førebels ingen avtale om fordelinga.

Partane gjennomførte kyststatsforhandlingar for makrell i London 21.-22. oktober, og har blitt einige om ein totalt tillate fangst (TAC) på 576 958 tonn. Dette er i samsvar med det vitskaplege rådet frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES). Dette er ein reduksjon på 22 prosent samanlikna med totalkvoten for 2024, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Norege, Færøyane og Storbritannia inngjekk i juni i år ei treårig delavtale om forvaltning av makrell. Noreg er likevel førebudde på vidare forhandlingar om fordelinga av andelar som kan gi ein meir heilskapleg avtale som omfattar fleire kyststatar. Det er venta at desse forhandlingane vil starte i desember 2024.

Nyheter