This is some text inside of a div block.
- Sjølv om vi skulle greie stanse klimagassutsleppa no, vil det gå mange ti-år før situasjonen er tilbake til normalen. Det sa Nils Gunnar Kvamstø, adm.dir. i Havforskingsinstituttet til årsmøtet til Fiskebåt.
Han viste til at vi har kjent til klimaproblema i minst 20 år, men likevel er nesten ingen ting gjort for å prøve å snu utviklinga, sa Kvamstø.
Sveinung Oftedal, spesialrådgivar i Klima- og miljødepartementet viste til regjeringa sine ambisjonar å redusere utsleppa med 55 prosent innan 2030 og 90-95 prosent innan 2050.
Her finn du årsmøtevedtaket om det grøne skiftet.