This is some text inside of a div block.

Vareflyt, toll og sanksjonar var på dagsorden, då store delar av den norske kvitfisknæringa var samla i London sist veke.

Først ut var eit felles møte mellom Norwegian Frozen at Sea-gruppa og marknadsgruppa for kvitfisk i Norges sjømatråd. Det blei gitt ein statusrapport frå sjømatanalytikar Eivind Hestvik Brækkan om marknadsutviklinga i 2024, og dei siste oppdateringane så langt i 2025.

Deretter blei det gitt ei orientering om Sjømatrådet sine marknadsstrategiar fram mot 2030. Dette blei presentert av Frode Mikkelsen i Lerøy Seafood, og Stian Hjelle i Ervik Seafood, begge i marknadsgruppa for kvitfisk. Temaet har den siste tida blitt enda meir aktualisert, som følge av global politisk uro og usikkerheit rundt korleis vareflyten vil bli med nye tollreglar og andre handelsbarrierar.

Den globale situasjonen med påfølgande handelspolitisk uro, var naturleg nok også eit sentralt tema på 2025 Norway UK-seafood Summit. Seminaret der Norges sjømatråd er vertskap samla rundt 200 personar frå norsk og britisk fiskeindustri for å drøfte felles utfordringar. Storbritannia er ein stor og vitig marknad for norsk sjømat, og då særleg for torsk og hyse som går til fish and chips. Ei felles utfordring er konkurranse frå andre matvarer, og ein frykt om at kundane skal gå bort frå den tradisjonelle fish & chips, og heller velge kylling eller pizza.

For dei norske deltakarane var det difor også viktig å delta på The National Fish & Chip Awards, der det blir konkurrert i 15 forskjellige kategoriar. Arrangementet som samla rundt 600 personar blir arrangert av National Federation of Fish Friers, NFFF, og med Norges sjømatråd som hovudsponsor. Dei 15 vinnarane blir kvart år invitert til ein tre-dagar studietur til Norge i juni. I år blir dette besøket lagt til Sortland midten av juni, der gjestane mellom anna skal få vere med trålaren Langøy.

Vinnaren av årets hovudpremie; «Fish and chip takeaway of the year» blei Yarm Road Fish and Chips i Darlington. Premien blei del ut av Andrew Crook, president i NFFF (tv) og Norge sin ambassadør til Storbritannia, Tore Hattrem (th. for Crook).

Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Nyheter