Kolmulefisket opprettheld miljøgodkjenninga og har fått den fornya for ytterlegare to år.
Kolmula blir i stor grad foredla til fiskemjøl som blant anna blir brukt i oppdrettsnæringa. No er fisket miljøgodkjent for to år, der målet er at det skal kome på plass ei meir varig sertifisering.
Utan "sertifisering" ville truleg mange oppdrettselskap tatt i bruk anna fôr utan innhald av kolmule.
- Fornying av "sertifiseringa" er difor viktig for alle ledd i næringskjeda. Utan godkjenning ville truleg prisane til fiskar blitt redusert, og oppdrettsnæringa gått glipp av ein viktig ingrediens, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.
Det er North Atlantic Pelagic Advocacy group (NAPA) som regulerer godkjenninga, FIP, Fishery Improvment Projects.
Årsaka til at Norge kunne miste sertifiseringa skuldast ikkje overfiske, men manglande avtale mellom landa.
Leif Kjetil Skjæveland, samfunnskontakt og bærekraftsansvarlig i Skretting Norge, uttalte tildlegare i september at han var uroa for framtida til fiskefôret, og at dei helst vil bruke kolmule, men at dei utan sertifisering ville bli tvunge til å finne alternativ.
Maråk gir ros til Sjømat Norge og deira direktør for industri Kyrre Dale, som har jobba tett opp mot komiteen for å sikre forlenginga av FIP-godkjenninga.
- Dette er ein viktig avtale å få på plass, og er eit forbetringsprogram som no skal gå over to år, og då vil vi forhåpentlegvis få på plass ei meir varig sertifisering, seier Kyrre Dale.