Fiskebåt støttar vern av marine sårbare område i skotsk farvatn, men er samtidig opptatt av at vernet ikkje må bli meir omfattande enn det som er tenleg.
I den skotske høyringa skriv Fiskebåt at nye tiltak for marint vern bør basere seg på kunnskapar og sikre at dei faktisk vil betre forholda og produktiviteten til havøkosystema.
Både skotske og norske styresmakter og næringsaktørar oppmoda Fiskebåt å delta i denne høyringa, som i utgangspunktet er open for alle.
Norske fiskarar kan bli ramma av dei nye verneområda som er foreslått. Dette gjeld særleg trålfiske etter blåkveite og linefiske etter lange og brosme.
I forslaget er det lagt til grunn to opsjonar, der den eine er eit forbod mot reiskapar som er i kontakt med botnen i varierande grad utarbeida med innspel frå fiskerinæringa, og den andre der det er tenkt eit forbod mot alle reiskapar som er i kontakt med botnen, i alle dei foreslåtte områda.
Fiskebåt støttar den første opsjonen, og viser i høyringa til at det er viktig å ta vare på dei marine økosystema for å sikre velfungerande og produktive marine økosystem, og at fiskarane er avhengige av sunne hav for å kunne drive fiskeri.
Fiskebåt peikar også på at dersom det blir etablert marine verneområde i viktige fiskefelt med restriksjonar som hindrar fiske, så kan dette få ei rekke uheldige konsekvensar som redusert utnytting av fiskeressursane, auka klimagassutslepp og meir konsentrert miljøpåverknad i dei opne fiskeriområda.
- Dei viktigaste verktøya for å sikre berekraftig forvaltning av fiskebestandar er kvoter, tekniske reguleringar og overvaking, skriv Fiskebåt.
Her kan du lese heile høyringssvaret til Fiskebåt.