This is some text inside of a div block.

Fiskebåt har vore med å utforme standarden, NS-ISO 5020, som skal førebygge marin forsøpling og anna forureining, redusere spøkelsesfiske og sørge for at brukte material og andre ressursar blir tatt til land for vidare utnytting.

Marin forsøpling, særleg knytt til plast, er eit stort problem som truar livet i havet. Fiskerinæringa står sjølv ansvarleg for mykje av forsøplinga. Dette er eit globalt problem og må difor også løysast globalt.

Det er bakgrunnen for at det er laga ein internasjonal standard i ISO som skal hjelpe fiskarane med å ta vare på eige avfall på best mogleg måte, slik at ein unngår ytterlegare forsøpling.

Standarden som heiter, «NS-ISO 5020 Avfallsreduksjon og -håndtering på fiskefartøy» inneheld følgande punkt:

* Kva for prinsipp bør ein nytte for å få best mogleg resultat
* Korleis ein bør sortere avfall og andre potensielt forureinande stoff
* Korleis ein lagar ein enkel plan for avfallshandtering
* Korleis ein handterer, lagrar, behandlar og sikrar avfallet om bord
* Korleis ein samhandlar med mottaksapparat på land
* Kva ein bør dokumentere
* Felles terminologi på dette fagområdet

Standarden legg til rette for omlegging til sirkulær økonomi, med gjenbruk av produkt, komponentar, materiale og emballasje.

Standarden er retta mot fiskarar, fiskebåtreiarar, leverandørnæring til fiskeria, konstruktørar av utstyr, frivillige organisasjonar, styresmakter og mottaksapparat for avfall på land.

Her kan du lese meir om den nye ISO-standarden.

Nyheter