Kvotemelding og generasjonsskifte i fiskerinæringa er tema, når Fiskebåt saman med advokatkontoret Thommessen inviterer til seminar i samband med Nor-Fishing i Trondheim.
Kvotemelding II blei vedtatt av Stortinget i vår med eit breidt og tverrpolitisk fleirtal. No skal den praktisk politikken utformast, og ei rekke viktige spørsmål gjenstår å få si avklaring.
På seminaret skal vi sjå nærare på status og kva vi kan forvente av avklaringar i tida som kjem. I tillegg skal vi ta for oss generasjonsskifte i fiskebåtreiarlaga. Generasjonsskifta dreier seg om generelle tema som er like for generasjonsskifte i alle andre næringar, men som likevel er spesielt krevande i fiskerinæringa. Dette på grunn av dei regulatoriske reglane knytt til deltakarlova sitt aktivitetskrav, kombinert med dei store verdiane som fiskerirettigheitene har fått.
På seminaret er det sett opp to tema;
Kvotemelding II: Hva kommer nå?
Generasjonsskifter i fiskebåtrederier
Seminaret er eit samarbeid mellom Fiskebåt og Thommessen.
Du kan lese meir om seminaret, melde deg på her.