This is some text inside of a div block.
H.K.H. Kronprins Haakon lytta til Fiskebåt sine innspel, då han besøkte Bergen for å høyre om vindkraft til havs i går.
I samband med Bergens-besøket var det mellom anna eit seminar hos Equinor, der blant andre Fiskebåt deltok og hadde innlegg.
- Eg opplevde ein svært interessert kronprins med mange relevante spørsmål knytt til sameksistens mellom havvind og fiskeri. Blant anna var han interessert i å høyre om dei føresetnadene som må avklarast for å oppnå ein akseptabel sameksistens på havet, seier adm.dir. Audun Maråk, som representerte Fiskebåt i møtet.
Det var kronprinsen sjølv som tok initiativ til møtet for å lære meir om satsinga på havvind.