This is some text inside of a div block.

- Innføring av havdeling gjer det vanskelegare å drive heilårleg fiske for den større kystflåten. Dette vil igjen føre til mindre råstoff til industrien på land. Det seier Ted Robin Endresen i Øksnes Kystfiske AS.

Det var i fjor haust at Fiskeridirektoratet på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet gjennomførte ei høyring om kysttorsk og havdeling i fisket etter torsk nord for 62 grader nord. Fiskeridirektoratet foreslo at fartøy over 21 meter ikkje skal få fiske torsk, hyse eller sei innafor grunnlinja nord for 62 grader, og at fartøy over 28 meter ikkje skal få fiske innafor fire nautiske mil frå grunnlinja i det same området.

- For oss som driv i denne flåtegruppa vil det no bli langt vanskelegare å drive heilårsfiske. Vi kjem no til å ta heile kvota i Vesterålen og droppe å reise nordover på hausten, seier Ted Robin Endresen i Øksnes Kystfiske.

Vil tilpasse seg regelverket

Han driftar i dag tre fartøy i stor-kyst-gruppa. No vurderer han å skaffe seg mindre fartøy for å tilfredsstille regelverket.

- Vi må tilpasse oss og legge om drifta på dei større fartøya, og i tillegg må vi vurdere om vi skal skaffe oss ein som er under 21 meter. Dei fleste vil nok tilpasse seg regelverket, og då blir det eit spørsmål om kva ein eigentleg oppnår med dette tiltaket, seier Endresen.

Han viser til at det også i stor grad er dei same reiskapane som blir brukt i fisket både på dei mindre og større båtane.

- Nøtene er like store og taua er like tjukke, så i forhold til fisket blir det ikkje store endringar, bortsett frå at det blir mindre effektivt og at båtane må gå fleire turar med same mengde fangst, seier Endresen.

Dramatisk for hysefisket

Tom Grande er medeigar i Øksnes Kystfiske og er no på veg nordover mot Finnmark for å fiske torsk, sei og hyse. Han deler Endresen si uro over følgene av dei nye reglane.

- I Finnmark foregår ein stor del av hysefisket innafor grunnlinja, så det er ingen tvil om at dette vil føre til utfordringar for både flåten og landindustrien. Resultatet blir at det vil kome fleire såkalla «paragrafbåtar»,. Dette er fartøy som er tilpassa lengdekrava i regelverket, men som ikkje er særleg gunstige elles, seier Grande.

Redusere konflikt

Forslaget om havdeling er først og fremst eit tiltak for å redusere konkurranse og konflikt mellom små og større fartøy. Dette blei sendt ut på høyring i desember 2022 med høyringsfrist 31. januar 2023. Samtidig blei det sendt ut ei høyring med tiltak for å dempe fiskepresset på kysttorsken. Her var høyringsfristen 30. april. Departementet har enno ikkje kome med si tilråding til denne.

Fiskebåt har gjennom høyringane åtvara mot negative konsekvensar av havdeling.

- Det er synd, men fullt forståeleg at fiskarar som blir pressa frå sine tradisjonelle fiskefelt tar grep og tilpassar seg. Viss resultatet av havdeling er at fleire bygger mindre fartøy, vil det jo vere akkurat dei same kvotane som blir fiska langs kysten. Det vil vere eit tilbakesteg for klima- og miljø, effektivitet og lønsemd, seier Espen Jacobsen, avdelingsleiar i Fiskebåt.

Espen Jacobsen, avdellingsleiar i Fiskebåt.

Han peikar også på at det kan få følgjer for bekvemmeligheta om bord, og at det blir eit meir konsentrert sesongfiske enn det vi ser i dag, noko som vil gå hardt utover landindustrien.

Dagens kombinasjonsfartøy i stor kyst-gruppa gjer det lettare å handtere variasjonar i kvoter og fangst, og sikrar stabile heilårlege arbeidsplassar, seier Jacobsen.

Han viser til at kystflåten i stor grad har to bein å stå på, der dei kan fiske både innan kvitfisksektoren og pelagisk. Og det er nettopp for å kunne drive pelagisk fiske at delar av flåten er bygd større. I dag må den større kystflåten føre sine pelagiske fangstar på eigen kjøl over store avstandar, noko som krev at fartøya må vere større.

- Einaste fordelen med å gå over til mindre fartøy er at dei på den måten får delta i det opne blåkveitefisket og kan drive pelagisk fiske innafor fjordlinjene, seier Jacobsen.

Vil gå utover landindustrien

Fiskeindustrien på land og dermed fleire kystsamfunn risikerer å få mindre tilgang til råstoff. Ifølge ein rapport som analyseselskapet Capia AS i januar, blir det vist til at fleire av kystsamfunna i Finnmark får store delar av sitt råstoff frå den større kystflåten.

Ifølge Nærings- og fiskeridepartementet vil dei nye tiltaka tre i kraft så snart Fiskeridirektoratet får endra forskriftene. Deretter vil Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet og andre relevante aktørar evaluere ordninga.

- Vi legg til grunn at ordninga blir grundig evaluert. Viss det viser seg at den har dei uheldige konsekvensane som vi har peika på, reknar vi med at dette blir endra, seier Jacobsen.


Les også;
Vern av kysttorsk og havdeling

Havdeling vil gi store samfunnsendringer

Her kan du lese hele pressemeldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet om havdelingsvedaket

Nyheter