This is some text inside of a div block.

Makrellfordelinga søraust for Island er på eit rekordlågt nivå, ifølgje islandske forskarar. Det er det islandske forskingsfartøyet Árni Fridriksson som nyleg har gjennomført det årlege internasjonale pelagiske økosystemtoktet, skriv magasinet The Fishing Daily.

Toktet som har drive omfattande kartlegging rundt Island sine farvatn, har gått over 33 dagar og blei avslutta 2. august. Området som er dekt er på om lag 6 000 nautiske mil (11 000 km).

Funna frå oppdraget har ført til uro om den noverande fordelinga av makrell, sild og kolmule i islandske farvatn, skriv The Fishing Daily.

Dei førebelse resultata indikerer at fordelinga av makrell i islandske farvatn er på sitt lågaste nivå sidan undersøkingane starta i 2010. Det blei funne makrell berre i fem av dei 43 overflatetrål-stasjonane.

Det blei også funne mindre islandsk sommargytande sild på den sørlge og vestlege kontinentalsokkelen, med berre nokre få fisk fanga ved tre stasjonar. Derimot blei det funne norsk-islandsk vår-gytande sild ved mange stasjonar nord og aust for Island. Dette er i tråd med det som er kartlagt tidlegare.

Når det gjeld Kolmule så blei det registrert langs kanten av den sørlege og vestlege kontinentalsokkelen. Mengdene her er på linje med det som er observert dei siste åra, skriv The Fishing Daily.

Nyheter