Fiskebåt skal som tidlegare år delta på Arendalsuka. Tysdag 13. august blir den store «fiskeridagen».
Då skal Fiskebåt saman med Norges Fiskarlag og Sør Norges Fiskarlag gjennomføre tre arrangement, i tillegg til eit felles arrangement med alle dei andre sjømatorganisasjonane.
Først ut (kl. 10:00 til 11:00) er «Fiskeflåten i klimaskvis – hvordan få til realistiske utslippskutt?». Her vil mellom anna fiskebåtmedlem, Tore Roaldsnes i Bluewild, fortelle om satsinga på trålaren EcoFive, og Jan Ivar Maråk i Fiskebåt, vil snakke om det arbeidet fiskerinæringa gjer for å redusere utsleppa av klimagassar. Deretter blir det politisk debatt, der mellom anna fiskeri- og havminister Marinanne Sivertsen Næss (Ap) deltar.
Klokka 11:15 til 12:00 er temaet vindkraft; «Vi tar tempen på samarbeidet mellom fiskeri og havvind». Her blir det også lagt opp til innleiingar og debatt.
Klokka 12:15 til 13:00 blir det lansering av rekrutteringskampanjen «Jenter om bord», som Fiskebåt står bak. I etterkant av dette blir det ein samtale om korleis ein kan skape gode arbeidsmiljø om bord i fiskefartøy – «Jenter i fiskeflåten – en samtale om arbeidsmiljø».
Seinare på dagen (kl. 16:00 – 19:30) skal Fiskebåt i lag med dei andre sjømatorganisasjonane sette sjømaten på dagsorden, gjennom temaet; «Vil myndighetene at vi skal spise mer sjømat?»
Temaet er brennaktuelt sidan det vil bli lagt fram nye kosthaldsråd to dagar seinare. Det blir lagt opp til aktuelle innleiingar som tar for seg forskjellige sider av problemstililnga, før det blir mingling og servering av sjømat.
I tillegg til programpostane som er nevnt over, vil Fiskebåt delta på fleire andre arrangement i løpet av veka. Vindkraft er eit tema som også i år går igjen i forskjellige variantar, og eit tema som Fiskebåt følgjer tett, også under Arendalsuka.
Arrangement over vil også bli "streama" slik at det er mogleg å få med seg det som skjer, sjølv om du ikkje har høve til å reise til Arendal. Viss du vil lese meir om Arendalsuka, kan du gjer det her.