This is some text inside of a div block.

Fiskebåt vil også i år vere til stades under Arendalsuka og deltar på fleire arrangement gjennom veka.


Tysdag 15. august er vi med å arrangere eit tredelt opplegg i lag med Norges Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag. Dette startar klokka 10:15 med temaet Fiskeflåten leverer fisk, men leverer den på samfunnskontrakten?

Dette er eit omfattande tema, og gjennom timen som er sett av vil fleire tema bli tatt opp. Eit av dei er fiskeflåten si rolle med å skape levande lokalsamfunn. Fiskebåt er godt representert i dette ordskiftet med styreleiar Christian Halstensen, og styremedlem i Fiskebåt Nord, Marita Sedeniussen. Dei vil fortelje kva dei gjer på kvar sin kant for å bidra til levande lokalsamfunn langs kysten.

Må fiskeri ofres for å bygge ut vindkraft til havs? er det neste temaet som startar klokka 1130 og held på fram til kl. 1215.

Her skal mellom anna Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt ha eit innlegg, og det blir også ein paneldebatt med sentrale politikarar, leia av informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle.

Siste og tredje tema som blir tatt opp denne dagen er; Bevare meg vel – hvordan kan fiskeflåten bidra til å ta vare på havet?  1230-1315

Her vil det bli eit ordskifte rundt Naturavtalen som Norge har slutta seg til. Denne avtalen legg mellom anna til grunn at ein skal verne 30 prosent av havområda i verda. Assisterande direktør i Fiskebåt, Jan Ivar Maråk, deltar i denne diskusjonen. Han har jobba mykje med vernesaker og korleis fiskerinæringa kan vere ein bidragsytar til auka naturmangfald.

Onsdag 16. august kl. 15:45 til 18:45, stiller vi spørsmålet om korleis ein kan få nordmenn til å ete meir sjømat. Vil vi egentlig spise mer sjømat?
er eit seminar der Fiskebåt i lag med dei andre sjømatorganisasjonane (Sjømat Norge, Norges Fiskarlag, Norsk Villfisk, Norges Råfisklag, Sildelaget og Pelagisk Forening) står bak.

Det blir spennande innlegg og politisk paneldebatt, og ikkje minst - så blir der eigen sjømatkokk, som vil servere godbitar frå havet.

Nyheter