This is some text inside of a div block.

I fjor var det færre ryddeksjonar enn tidlegare, men samtidig fleire frivillige som deltok i strandrydding.  Det går fram av Rydderapporten for 2023, frå Hold Norge Rent.

Til saman 61 305 personar deltok på ryddeaksjonar i løpet av fjoråret, og det er kysten langs Vestland som fekk rydda mest, ifølge rapporten.

Oversikt over kva som blei rydda

Tau - 17 prosent
Uidentifiserbare plastbitar - 13 prosent
Sigarettsneipar - 11 prossent
Fiskekrokar – åtte prosent
Eps – seks prosent

Tau står for 17 prosent av alt som er rydda frå strendene. Det indikerer at det er næringsverksemd, inkludert fiskeri og havbruk, som står for største delen av forsøplinga langs strendene.

Rapporten understrekar at det er viktig å fjerne marin forsøpling, og det er viktig at fiskeri- og havbruksnæringa tar ansvar for å redusere søppelmengdene.

I fjor blei den årlege Strandryddeveka arrangert for 13. gong. Fiskebåt har saman med dei andre organisasjonane i sjømatnæringa arrangert og deltatt på årlege rydde aksjonar.

Her kan du lese rydderapporten frå Hold Norge Rent.

Nyheter