This is some text inside of a div block.

Fiskebåt meiner at auka inntekter til staten som følge av høgare førstehandsverdi på fisken, bør øyremerkast midlar til Havforskingsinstituttet.

I statsbudsjettet for 2023 la regjeringa til grunn at førstehandsverdien frå norsk fiske var 23,55
milliardar kroner i 2022, medan forventa førstehandsverdi ville bli 25,60 milliardar kroner i 2023. I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet og Finansdepartementet viser Fiskebåt til at Fiskeridirektoratet no har berekna førstehandsverdien til 28,39 mrd. kroner i 2022, medan Fiskebåt sine eigne prognoser tilseier at førstehandsverdien blir tett på 30 milliardar kroner i 2023.

Auka inntekter

Høgare førstehandsverdi fører til auka inntekter til statskassa, då avgiftene er ein prosentsats av førstehandsverdien. Samtidig er det varsla at Havforskingsinstituttet må kutte fleire forskingstokt i 2023 på grunn av auka kostnader. Dette kan få store negative konsekvensar for
kvoteråda dei komande åra på grunn av større usikkerheit i vurderinga av kor store bestandane er. Den vanskelege økonomiske situasjonen gjer det samtidig utfordrande å få til den styrkinga av ressursforskinga som næringa ønskar og etterlyser.

Fiskebåt forventar difor at regjeringa vil foreslå ei tilleggsbevilgning i revidert nasjonalbudsjett for å kompensere budsjetta til offentlege verksemder for inflasjon.

Bør øyremerkast ressursforsking

Fiskebåt legg til grunn at auka førstehandsverdi i 2022 samanlikna med det som blei budsjettert, i tillegg til større forventa førstehandsverdi enn budsjettert i 2023, gir grunnlag for betydelege tileggsbevilgningar til postar finansiert av fiskeriforskingsavgifta.

Fiskebåt rår til at den forventa tilleggsbevilgninga som følge av høgare førstehandsverdi enn budsjettert både i 2022 og 2023, i størst mogleg grad blir øyremerka til å styrke ressursforskinga og overvakinga i regi av Havforskingsinstituttet.

Nyheter