This is some text inside of a div block.

- Eg måtte finne på noko anna, sidan eg ikkje kunne bli fiskar, seier Vebjørn Møller (23) frå Reine i Lofoten. Laurdag 29. juni, stiller han ut meisterverka sine på Kystens hus i Tromsø.

Interessa for å bygge modellbåtar starta då Vebjørn var liten. Sidan han må sitte i rullestol måtte han finne ein hobby som han kunne drive med.

- Eg var nok ikkje meir enn seks år før eg starta med modellbåtar. Det var far min som lærte meg å bygge modellbåtar og sidan har det balla på seg. Det er nok først dei siste seks åra at dette har blitt meir profesjonalisert, fortel Vebjørn.

Han bygger mest i fiskebåtar. Dei fleste kystfartøy, men har også bygd modellar av større fiskefartøy, ferjer  og hurtigruta.

Foto: Privat.
Foto: Privat.
Foto: Privat.

Dei fleste båtmodellane har han sjølv, nettopp for å kunne ha utstillingar som den på Kystens hus, men han bygger også på bestilling.

- I det siste har eg bygd nokre bestillingsbåtar og kjem nok til å med å halde fram med det. Først og fremst vil eg ha ein «flåte» som eg kan bruke på utstillingar, seier Vebjørn.

Fiskebåt Nord er hovudsponsor i samband med utstillinga i Tromsø. Dette er eit bra tiltak å støtte, seier avdelingsleiar Tor Are Vaskinn.

- Det er ei glimrande utstilling sidan den omfattar både modellar av nye og gamle fiskebåtar og kystmiljø. Vebjørn er en profilert fyr i Lofoten, og det er mange kjenner til arbeidet hans. Det er difor flott at han kjem til Tromsø, slik at tromsøværingane også får høve til å sjå båtmodellane han har bygd, seier Vaskinn.

Neste utstilling blir i samband med NorFishing i Trondheim i august.

Du kan sjå fleire bilde av båtmodellane på Vebjørn Møller si Facebook-side.

Nyheter
No items found.