This is some text inside of a div block.

Utanlandske fartøy skrur av AIS-systemet når dei er i norsk farvatn. Reglane er uklare og blir heller ikkje handheva.

Fiskebåt har mottatt fleire meldingar frå medlemmar som meiner dette er konkurransedrivande og gjer det vanskeleg for norske fartøy å planlegge drifta.

For norske fiskefartøy er det krav om å bruke AIS (automatisk identifikasjon av skip) til ei kvar tid under normal drift. For utanlandske fartøy som landar fangst i norsk hamn eller operer i norsk territorialfarvatn, er det også krav om å bruke AIS. Derimot finnast det ikkje norske reglar som stiller krav til bruk av AIS for utanlandske fiskefartøy i norsk økonomisk sone utafor territorialfarvatnet.

- Sjølv om det ikkje eksisterer norske reglar, så er det likevel eit krav om å bruke AIS for dei fleste utanlandske fiskefartøy som operer i norsk økonomisk sone, seier Jannicke Gangstad, rådgivar i Fiskebåt.

Jannicke Gangstad. Foto: CF Wesenberg.

Ho viser til at det er eit EU-direktiv som omhandlar dette, men at det er opp til flaggstaten å kontrollere og handheve dei nasjonale reglane. Fiskebåt har vore i kontakt med både Sjøfartsdirektoratet og Kystvakta, utan at det har ført til klare svar.

- Sjøfartsdirektoratet viser til at dei kun handhevar krav etter nasjonale reglar, og Kystvakta viser til at dei ikkje har jurisdiksjon overfor utanlandske fartøy på dette området, sjølv om dei opererer i norsk økonomisk sone, seier Gangstad.

Fiskebåt har no sendt ei oppmoding til Nærings- og fiskeridepartementet om å ta kontakt med relevante fagetatar for å vurdere moglege tiltak.

Her kan du lese brevet frå Fiskebåt.

Nyheter
No items found.