Fiskebåt har dei siste åra hatt to kvinner i styret. Dagleg leiar i Strand Fiskeriselskap, Solveig Strand, som nestleiar, og Kristin Remøy, dagleg leiar i Remøy Havfiske, som første vara og fast møtande i styret. No får dei også med seg dagleg leiar i Strand Havfiske, Janne Grethe Strand Aasnæs. I desember i fjor blei ho valt til styreleiar i regionlaget, Fiskebåt Vest, og representerer regionlaget i hovudstyret.
- Alle er valt inn i styret i kraft av sin kompetanse og ikkje fordi dei er kvinner. Samtidig er det kjekt at vi har godt kvalifiserte kvinner å velge mellom, når årsmøtet skal velge personar til våre styrande organ, seier Maråk.
Han viser til at det også blir stadig fleire kvinner om bord i båtane både som fiskarar, men også enkelte som offiserar. I tillegg engasjerer stadig fleire kvinner seg i drifta av fiskefartøya. Det ville vore nyttig for den framtidige rekrutteringa av kvinner i fiskerinæringa, at også kvinner som jobbar med drifta av reiarlaga blei likestilt med aktive fiskarar om bord i fartøya, seier Maråk.