This is some text inside of a div block.

Fiskeridirektoratet stadfestar at snøkrabbeteiner som ikkje er tatt opp innan midnatt 18. mars får stå inntil vidare på grunn av isproblema.

Is har nemleg ført til problem å få opp alle snøkrabbeteinene innan midnatt 18. mars, som er slutten på årets snøkrabbesesong. Den siste tida har det vore kraftig vind frå nord, som har ført til problema for krabbefartøya med å få opp teinene innan fristen.

Fiskebåt tok opp problemstillinga med Fiskeridirektoratet sist veke, no stadfestar direktoratet at teinene kan stå i sjøen også etter at fangsten er stansa, dersom isforholda gjer at det ikkje er mogleg å ta opp teinene.

Direktoratet presiserer at teinene likevel skal takast opp, så snart ver- og isforhold gjer det mogleg. Eventuell fangst som er i teinene som blir tatt opp etter 18. mars, skal settast ut igjen.

Les også;

Isproblem for krabbeflåten

Stor isproblemer i avslutningen av snøkrabbefisket

Gir ikkje dispensasjon for å hente teiner

Nyheter