This is some text inside of a div block.

- Det er ein konflikt mellom fiskarane og industrien på land når det gjeld førstehandsomsettinga av fisk, og det er uheldig. Det sa Inger Marie Sperre i ein debatt på Surofi sitt årsmøte. Men i 2024 blei 94 prosent av torsken lagt ut for sal på auksjon, viser Surofi sine eigne tal.

Fiskeindustrien har lenge kritisert fiskarane for at for lite fisk blir lagt ut for sal på auksjon og at det dermed blir mindre tilgang til dei som vil kjøpe. På Surofi (Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag) sitt årsmøte i Ålesund, var dette igjen tema i ein paneldebatt mellom Inger Marie Sperre, Janne-Grethe Strand Aasnæs, styreleiar i Fiskebåt Vest og Tore Roaldsnes, styreleiar i Surofi.

Denne diskusjonen er ikkje ny, og førte mellom anna til at det i 2022 blei innført auksjonsplikt for 50 prosent av kvota for fryst torsk og sei, for nettopp å sikre at fiskeindustrien på land skal få tilgang til å kjøpe fisken.

Ifølge Inger Marie Sperre er det fleire fiskebåtreiarar som ikkje ønskar å selge fisken på auksjon, men i staden sel den gjennom sine eigne salsselskap.

- Kvifor vel dei å gjere det - spurte Sperre, og kom med svaret sjølv. Vi ser at fleire av dei større reiarlaga ønskar å utvide aktiviteten sin på land, og bygge ein organisasjon som er meir interessant å ta over for neste generasjon, sa Sperre.

Garantist for ryddig omsetning

Omsettinga av fisk er regulert gjennom Fiskesalslova og forvalta av fiskesalslaga. Tore Roaldsnes som både er fiskebåtreiar og styreleiar i Surofi, peika på at salslaga er ein garantist for at omsettinga av fisk foregår på ein ryddig måte.

- For salslaga er den viktigaste oppgåva å sørge for at fisken blir omsett på ein transparent måte i marknaden. Eg kjenner meg difor ikkje igjen i det bildet som Sperre skisserer. Av den fisken som blir omsett gjennom Surofi går mellom 70 og 80 prosent på auksjon, og det er mange reiarlag som legg ut 100 prosent, sa Roaldsnes.

Surofi sine eigne tal viser at det i 2024 blei 94 prosent av torsken lagt ut for sal på auksjon og at 74 prosent av denne fisken blei solgt på auksjon.

Kjenner seg ikkje igjen

Janne-Grethe Strand Aasnæs, styreleiar i Fiskebåt Vest, kjende seg heller ikkje igjen i det bildet som Sperre skisserte.

- Vi har eit felles mål om å få størst mogleg omsetning på auksjon, og for eigen del solgte vi om lag 90 prosent på auksjon i fjor. Men ei utfordring er det ikkje er alle storleikar klippfiskindustrien er interessert i å kjøpe. Vi har alle eit ansvar, men det blir feil å legge heile ansvaret på flåteleddet sa Aasnæs.

Ho viste elles til at hovudutfordringa for fiskeindustrien og manglande norsk vidareforedling, kan forklarast med at Norge er eit høgskostland som gjer det dyrt å produsere, samtidig med tollbarrierar som gjer at det svarar seg å eksportere mykje av fisken ubearbeida ut av landet.

Årsmøtet til Surofi samla drøyt 100 personar på hotell Waterfront i Ålesund. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Nyheter
No items found.