This is some text inside of a div block.

Det står enno igjen ein god del snøkrabbeteiner i Barentshavet. Desse må takast opp snarast, opplyser Fiskeridirektoratet.

På grunn av isproblem i samband med avslutninga av årets snøkrabbefangst, fekk reiarlaga lov til å la teinene stå til det var mogleg å ta dei opp.

Ifølge Fiskeridirektoratet er det enno mange teiner som står igjen i sjøen. Desse utgjer ein fare for reiskapskonfliktar i samband med annan fiskeriaktivitet. I tillegg kan teinene som står igjen i sjøen, også kunne føre til store miljømessige konsekvensar i form av spøkelsesfiske og marin forsøpling, opplyser Fiskeridirektoratet.

Dei ber difor no om at reiarlag som har teiner i sjøen snarast får henta desse, og minner om at eventuell fangst skal settast ut igjen.

Årets snøkrabbefangst blei stansa med verknad frå 19. mars.

Les også;

Isproblem for krabbeflåten

Store isproblemer i avslutningen av snøkrabbefisket


Gir ikkje dispensasjon for å hente opp teiner

Nyheter