This is some text inside of a div block.

Dei siste dagane har eit seismikk-fartøy med to følgefartøy gått fram og tilbake frå Stad til britisk sektor (bilde over). Fiskarar fryktar no at dette hindrar makrellfisket i norsk sektor.

I år er den norske makrellkvota på om lag 230 000 tonn, men seismikkaktivitet gjer at det kan bli vanskeleg å fiske denne kvota i norsk sektor.

- Vi likar ikkje det vi ser, og det er nærliggande å tru at seismikkaktiviteten har innverknad på korleis makrellen flyttar seg. No ser vi at det er stor seismikkaktivitet rett sør for makrellfeltet, seier William Rabben, skipper på Liafjord.

Stor aktivitet

Skjermbildet frå Fishfacts.fo viser aktiviten dei siste dagane. Til saman er det eit seismikkfartøy med to følgefartøy som opererer i området, som er rett sør for der det pågår eit aktivt fiske etter makrell. Rabben understrekar at det ikkje er ulovleg det som skjer, men han opplever likevel at fiskarane blir pressa frå alle kantar.

- Seismikkselskapet har ikkje fått lov til å starte før i august for å ikkje forstyrre yngelproduksjonen, noko som sjølvsagt er viktig. No skulle dei halde på fram til midten av september, men det blir truleg mot slutten pga. at det har vore litt dårleg ver. Og seinare på hausten er det ikkje mogleg for dei å gjere desse undersøkingane på grunn av usikkert ver. Samtidig legg dei beslag på store område, og det er nærliggande å tenke seg at dette virkar inn på vandringsmønsteret til fisken. Vi kan jo berre tenke oss korleis arealutfordringane vil bli med ei storstilt utbygging av vindturbinar, seier Rabben.

Har kontakt

Fiskebåt og Norges Fiskarlag følgjer aktiviteten tett, og er i jamn kontakt med seismikkselskapet for å ha ein dialog rundt korleis ein kan gjere dette på ein best mogleg måte. Fiskeridirektoratet uttalte følgande då undersøkingane blei spelt inn i april;

«Vi forutsetter at undersøkelsen utføres med den største aktsomhet, uten å være til hinder for eventuell fiskeriaktivitet i området….
Undersøkelsen må stanses eller endres på kort varsel dersom det oppstår konflikter med fiskeriene.»

Les også;

Havforskinga vil høyre fiskarane sine erfaringer med seismikk-skyting på fiskefelta

Prosjekt: FiskeriSeis – Effekter av seismiske undersøkelser på fiskeriene

Nyheter
No items found.