Ringnotsnurparen Herøyhav er på veg til Ellingsøya med 990 tonn makrell av topp kvalitet.
- Det er eventyrleg bra, seier skipper Anders Remøy til Sunnmørsposten, som først omtalte saka. Verdien av fangsten er truleg på godt over 20 millionar kroner.
Remøy seier til Sunnmørsposten at dei ville gjere seg ferdig med kvota, og at dei difor har valt å ta resten i britisk sone. Etter denne fangsten har dei 300 tonn igjen.
Båt og mannskap drog ut frå Shetland søndag morgon og var i fiske etter fire timar. Først fekk dei eit bomkast, så eit middels kast før det største kastet som var på 720 tonn med ei snittvekt på 480 gram.
Ifølge Remøy er det fin fisk og at kvaliteten er svært god. No skal det lossast ved Nils Sperre på Ellingsøya utafor Ålesund. Verken kjøpar eller seljar har lov å opplyse fangstverdien, men makrellprisane har vore rekordhøge i haust med prisar på mellom 20 og 25 kroner kiloen for god kvalitet. Fangsten kan difor vise seg å vere den mest verdifulle fangsten som nokon gong for ein norsk båt.
Les også;
Godt makrellfiske i Norskehavet