Ifølge Shell U.K. Limited har det vore fleire tilfelle der fiskefartøy utilsikta har krenka tryggingssonene på Penguins-feltet i Nordsjøen.
Shell viser til at det i løpet av 2022 og 2023 har vore fleire tilfelle som har hatt potensielt alvorlege konsekvensar i forhold til helse, tryggleik og miljø. I nokre tilfelle har også fiskereiskapar vikla seg inn i undervassutstyr, noko som kan vere både farleg og kostbart, både for fiskefartøya og Shell.
For å unngå fleire slike hendingar går no Shell ut med informasjon om ombygginga av feltet, og kva for restriksjonar som gjeld for fiskeoperasjonar i dette området.
Du kan lese meir om prosjektet her.
Shell viser til at et er fleire tryggingssoner i dette feltet. Dette for å beskytte strukturar, utstyr som utgjer ein fare for hekte seg fast i fiskereiskapar. Ifølge Shell er det difor viktig at disse tryggingssonene blir respektert.