Det er sjuande året at dei tre arrangørane Norges sjømatråd, Nordea og Fiskebåt samlar store delar av norsk fiskerinæring til konferanse i Ålesund.
- Etter to år med pandemi og no krig i Ukraina er det turbulente tider for norsk fiskerinæring. Så langt ser det likevel ut til at norsk fryst fisk kjem svært godt ut, delvis på grunn av usikkerheit rundt tilførsel av russisk fisk, og auka etterspurnad i restaurantmarknaden, seier Finn-Arne Egeness, som er sjømatanalytikar i Nordea.
Spennande program – her finn du oversikta.
Arrangørane har også denne gongen lagt opp til eit spennande og variert program, med tre hovudbolkar – rammevilkår, teknologi og marknad.
- Den havgåande flåten har vore ein viktig bidragsytar til til den enorme veksten vi har sett i norsk sjømatnæring dei siste 15-20 åra. Det gjer at vi treffer godt publikum også utafor fiskerisektoren. Denne konferansen har blitt den viktigaste arenaen for mange i næringa der ein både får faglege innspel, men også møter andre som jobbar med dei same problemstillingane, seier konferanseansvarleg i Norges sjømatråd, Tove Sleipnes.
Sjømatnæringa er ei global næring og det meste av fisken som blir fiska av norske fiskebåtar blir eksportert til resten av verda.
- Vi skal innom rammevilkåra for flåteleddet, vi skal få høyre om det siste innan teknologi og vi skal få ei rykande fersk oppdatering frå dei mest sentrale marknadene, seier informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle.
Konferansen er onsdag 8. juni på Scandic Parken, Ålesund. Media er velkomen til å følge konferansen.