Mannskapet på plattformen Kvitebjørn i Nordsjøen måtte vente halvanna time før dei kunne lette. Årsaka var godt seifiske og dermed mykje sjøfuglar som hindra helikopteret i å ta av.
Det er skipper Pål Roaldsnes på trålaren Synes frå Valderøya som fortel det til fiskebat.no. Han og mannskapet driv no med seifiske i Nordsjøen og har dei siste dagane heldt seg på området Tampen der plattformen Kvitebjørn tar opp gass. Fisket har vore godt, og då er det også mykje måse og andre sjøfuglar som følgjer båtane.
Kom seg raskt bort
Roaldsnes fortel at både Synes og trålaren Nordbas var raske med forlate området, når dei fekk høyre om problemet på plattforma.
- Ja, når vi forsto at det var turnusen til oljearbeidarane, med to veker på jobb og fire veker fri, som sto på spel, så var vi raske med å reagere og forlate området. Særleg med tanke på at dei har måtte vaske måseskit i 14 dagar, seier ein lattermild Roaldsnes.
Til orientering, så går dei fleste mannskapa på trålarane i ein turnus med fem veker på, og fem veker av.
For oljearbeidarane blei det halvanna time kortare friperiode denne gongen som følgje av fuglane.
Ser mykje sjøfugl
Roaldsnes fortel at han ofte observerer mykje sjøfugl, når dei fiskar i dette området, der også vindkraftanlegget Hywind Tampen er under bygging.
- Vi stussar difor litt over at det i utgreiinga i forkant av vindkraftutbygginga kom fram at det nesten ikkje er sjøfuglar i dette området. Det vi såg no var iallfall eit bevis på det motsette, seier Roaldsnes.
Det har ikkje lukkast Fiskebåt å få kontakt med Equinor for å høyre om dette er eit vanleg problem på deira installasjonar i Nordsjøen.