Det var tidlegare denne veka at alle kyststatane (EU, Storbritannia, Norge, Færøyane, Island og Grønland) var samla i London for å forhandle om årets makrellfiske.
Soner
I møtet blei det lagt fram ein forskingsrapport om makrellbestanden si tilhørigheit i dei forskjellige økonomiske sonene og internasjonalt farvatn. Frå norsk side blei det spesielt peika på at sonetilhørigheita var det viktigaste fordelingskriteriet, i lag med at bestanden har fått større utbreiing og gyte- og oppvekstområde i norsk økonomisk sone.
Nye forhandlingar
Partane blei ikkje einige om ein avtale i denne runden, og vil møtast igjen 10. og 11. mai.
- Truleg blir både sonetilgang, reguleringar og fordeling som i fjor. Noko anna vil vere overraskande, men vi kan håpe på meir framgang for 2023, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.
Maråk deltok den norske delegasjonen saman med blant andre styreleiar i Fiskebåt Jonny Berfjord og styreleiar i Fiskarlaget Kåre Heggebø.