- Eg er svært glad for at Noreg og Storbritannia har blitt einige om ein avtale om forvalting av makrell for 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding.
Makrell er økonomisk sett ein viktig bestand for Noreg, og ligg som nummer to etter torsken. Alt i alt vil norsk kvote for 2023 bli på 245 688 tonn etter kvotebytte og overføringar frå 2022.
- Storbritannia og Noreg er dei to største makrellnasjonane, og denne avtalen er derfor eit viktig skritt i retning av ei endå betre forvalting av makrellbestanden og redusert fiskepress. Det hadde sjølvsagt vore fint om vi hadde fått til ein avtale som omfatta dei andre kyststatane også, og eg håper at eksempelet som Noreg og Storbritannia no set, bidreg til at dei andre kyststatane etter kvart kjem etter, seier Skjæran.
Forhandlingane om ei ny samla fordeling for 2024 og framover startar opp at til hausten.
Avtala mellom Noreg og Storbritannia omhandlar blant anna storleiken på dei nasjonale makrellkvotane, overføringar av makrellkvotar og styrka vitskapeleg samarbeid. Noreg får også høve til å fiske 135 141 tonn makrell i Storbritannias si sone.