Dei siste par dagane har fleire representantar for den norske kvitfiskflåten vore i London for å få fagleg påfyll og for å møte kundar.
Storbritannia er ein viktig marknad for norsk sjømat og store delar av fisken som blir brukt til britane sin nasjonalrett, fish and chips, blir levert av norske fartøy.
- Det er difor viktig for oss å møte kundar og høyre litt om kva som rører seg i marknaden, seier Ola Inge Grønnevet i Granit.
Nokre av dei norske deltakarane. Fv. Ola Inge Grønnevet (Granit), Kjell-Gunnar Hoddevik (Atlantic), Daniel Pinheiro (Leinebris) og Marie Vedeld Hoddevik (Atlantic). Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Saman med dei andre filetprodusentane og fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) har han tilbragt eit par dagar i London. På programmet har vore både fagleg seminar i regi av Norges sjømatråd, kundemøte og ikkje minst å deltaking på The National Fish and Chips Awards, der ein blant anna kårar den beste fish and chips-restauranten i Storbritannia. Denne kåringa har vore gjennomført i 35 år, og har mykje å seie for dei som vinn konkurransen. I år var det opp mot 600 personar til stades på Awardsen i London.
Viktig marknad
I fjor blei det eksportert norsk sjømat til Storbritannia for 7,7 millardar kroner. Dette er ein kraftig verdiauke frå 2021. Mykje av dette har gått til nettopp fish and chips. Kvart år konsumerer britiske forbrukarar 382 millionar måltid fish and chips, ifølge Norges sjømatråd.
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) har også deltatt, og har i tillegg hatt møte med sin britiske kollega Mark Spencer.
Les også;
Norsk-britisk ministermøte
Kathrine Florvaag (th) og Per Magne Eggesbø i Ramoen i samtale med sine britiske kundar. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Per Magne Eggesbø i Ramoen med ein smakebit fish and chips. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Kjell-Gunnar Hoddevik (Atlantic) i samtale med fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.